Avskoginga i Rogaland held fram

Skogbruket i Rogaland står overfor ei stor utfordring med skogareal som ikkje blir planta til etter hogst. Våre kontrollar 3 år etter hogst viser at 50 prosent av hogstarealet blir avskoga eller er utan aktive tiltak for ny skogproduksjon.

Publisert 06.05.2024

Dette er ikkje ei berekraftig utnytting og forvaltning av ein grøn og fornybar ressurs som i prinsippet skal vere evigvarande, gitt at areala blir satt i ny skogproduksjon. For Rogalandsskogen betyr dette at utsleppa av CO2 aukar, i staden for å oppretthalde og aller helst auke opptaket av CO2 i skog i tråd med klima- og skogpolitikken. Fleire kjelder peikar i same retning:

Resultatkartlegging

Samanstillinga frå resultatkartlegginga viser at nedbygginga har blitt ein varig trend (fig. 1). 50 % av hogstarealet blir avskoga eller er utan aktive tiltak for ny skogproduksjon. Det er karbonrike areal og skog med den beste kvaliteten som går ut.

Figur 1: Status på hogstflatane i Rogaland tre år etter hogst for perioden 2011–2023. Kjelde: Statsforvaltaren i Rogaland.

 

Statistikk SSB

Statistikken over hogst og planting viser same utvikling der vi år for år bygger ned skogressursen i Rogaland (fig. 2). For 2023 blei berre 28 prosent av hogstarealet på 4300 dekar tilplanta etter hogst av barskog, etter nok eit år med stor hogstaktivitet.

Figur 2: Utvikling hogst i kubikkmeter, all planting og ungskogpleie i dekar. Kjelde: Tal frå SSB.

Analyse – samanlikning av hogst- og planteareal

Vi har gode tal på hogstvolum for barskog, men manglar tall for samla hogstareal for å kunne samanlikna hogst- og planteareal. Enkle analysar av hogst- og planteareal gjort av Statsforvaltaren viser og same trend. Vi kan heller ikkje sjå teikn til at utviklinga over lang tid er i ferd med å betre seg (fig. 3). Fram til 2000-talet var det vesentleg betre balanse mellom hogst og planteareal, der vi bygde opp ressursar og la til rette for å auke skogproduksjonen og CO2 opptaket i skogen. 

Fig. 3: Viser estimert hogd barskogareal (forutsett eit gjennomsnittsvolum på 15 m3/dekar furuhogst/blandingsskog og 50 m3/dekar granhogst) og tilplanta barskogareal inkl. 50 prosent blandingsskog.  

Risikobasert kontroll – foryngingskontrollen

På grunn av stor nedgang i planteaktiviteten og manglande investeringar i oppbygging av ny skog innførte Landbruks- og matdepartementet i 2010 ein ekstraordinær og risikobasert kontroll – «Foryngingskontrollen». Her blir alle hogstar av gran over 250 m3, der det etter 3 år ikkje er registrert  planteaktivitet, trekt ut for kontroll. For Rogaland er det snakk om eit risikobasert uttrekk på mellom 50- 80 hogstar av gran kvart år. Dette underbygger dei andre kjeldene, når vi veit at samla tal i Rogaland årleg ligg på rundt 150 hogstar utført av profesjonelle tømmerkjøparar.

Situasjon i andre delar av landet

Utviklinga er ikkje unik for Rogaland. Fylkesmannsgruppa i Kystskogbruket sendte hausten 2017 eit brev til Landbruks- og matdepartementet med bekymring for utviklinga i alle kystfylka, og med forslag til tiltak for å snu utviklinga.

På landsbasis har NIBIO utarbeidd ein rapport om avskoging; NIBIO-rapporten Analyse av størrelse, årsaker til og reduksjonsmuligheter for avskoging i Norge . Her det rekna på kor mykje skogareal som har gått til andre føremål (utbygging, samferdsel, jordbruk o.a.), såkalla avskoging. Rapporten viser at store areal (58 000 dekar) blir avskoga kvart år på landsbasis. Klimautsleppa frå avskoging er kvantifisert, og utgjer det dobbelte av utslepp frå sivil innanlands flytrafikk. Sjølv om tala i rapporten er usikre, viser dette same klare trend som vi ser lokalt i Rogaland.

Innføring av meldeplikt?

Sett i lys av klima- og avskogingsdebatten og det grøne skifte, er det viktig at både skogeigarar, forvaltinga og skognæringa tar tak i denne utviklinga og sikrar at hogstareala, enten dei skal gå vidare i skogproduksjon eller anna, blir fulgt opp. Det vi har av virkemidlar og prøvd av tiltak, har ikkje bidratt til å snu trenden og utviklinga for å sikre ei berekraftig forvaltning av skogressursane. Det er kommunane som er førstelinje i skogforvaltninga og har ansvar for å sikre at hogstareala blir tilfredsstillande forynga, og evt. oppfølging til andre formål enn skogproduksjon. Vi vil difor vurdere å innføre meldeplikt for hogst for å sikre ei betre oppfølging av foryngingsplikta. Dette vil vere eit av fleire tiltak som er aktuelle.    

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar