Vis omsyn til sårbart fugleliv langs Jærstrendene

Jærstrendene landskapsvernområde har store naturverdiar der fleire område har tilleggsvern som fugle- og plantefredingsområde. Føremålet med vernet er mellom anna å ta vare på dei mektige sanddynene, det rike fuglelivet og dei mange vanlege og uvanlege plantane. Jærstrendene er og eit mye brukt friluftsområde, med eit stort tal besøkande kvart år. For å ta vare på naturen langs kyststripa vår er det naudsynt med tiltak til dømes i hekketida for fugl.

Publisert 29.04.2024

Saman med Statens naturoppsyn setter Statsforvaltaren årleg i gang fleire tiltak for å skjerma sårbart fugleliv langs Jærstrendene. Fuglane treng skjerming frå forstyrring for å få til vellykka hekking.

Vaulen, Brusand
Nytt av året er at me tar bort gjerdeklyvare inn i Vaulen på Brusand i hekketida for fugl. Her hekker trua arter som storspove og fiskemåke som begge har gått sterkt tilbake. Dei treng skjerming for å få til ei vellykka hekking. Vaulen er eit generelt viktig funksjonsområde for våtmarksfugl, som vadarar og andefugl. Me håper at skjerminga kan bidra positivt til å auka talet på fugl som nyttar området, både til hekking og næringssøk. Som ein kystnær våtmarkslokalitet er Vaulen og eit viktig område for fugl på trekk og det er ein fin overvintringsplass for fleire artar.

Inngjerding ternekoloni
Ternekoloniar langs Jærstrendene er få og sårbare. Difor gjer me det me kan for å skjerma desse. Me har gjerda inne koloniar både på Orre, Bore og Revtangen.

Andre tiltak langs Jærkysten
Ved område med særleg sårbart fugleliv så blir det og brukt skjerming og skilting. Dette gjeld til dømes ved Børaunen i Randaberg og Revtangen i Klepp. I fuglefredingsområde i sjø er det og ferdselsrestriksjonar i hekketida.

Me oppmodar alle som brukar dei flotte områda langs Jærkysten til å vise omsyn til fugleliv og naturverdiar generelt.

Lenke til forskrift: https://lovdata.no/forskrift/2003-12-12-16750

 

gravand10b-2_Sør-Kolnes.jpg

Gravand, Foto: Bjørn Mo

 

tjeld10d-2_Bekkarvik_Vik.jpg

Tjeld, Foto: Bjørn Mo

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Faktaboks: Fuglefredingsområde langs Jærkysten:

I Jærstrendene landskapsvernområde

  • Sandebukta-Børaunen-Einersvika i Randaberg kommune
  • Rott med tilhøyrande øyar og Håsteinsgruppa i Sola kommune
  • Strekningane Reve hamn-Orre og Vik-Skeie i Klepp kommune
  • Strekninga Nærlandssanden-Obrestad, Øyrvika ved Kvassheim fyr og Raunen utenfor Kvalbein i Hå kommune

Utanfor landskapsvernområdet

  • Eit område i tilknyting til landskapsvernområdet på Børaunen i Randaberg kommune.
  • Eit område på Kolnes i Sola kommune.

Generelt

Fuglefredingsområda omfattar òg sjøoverflata utanfor dei nemnde strandstrekningane ut til ein avstand på 500 meter frå strandlina. Grensa til fuglefredingsområdet i sjøen kring Rott-Håsteingruppa er likevel vidare, og går fram av vernekartet.